Verda på Stord er eit prosjekt i regi av CISV, ein religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståing mellom menneske frå ulike kulturar og nasjonar. CISV finst i over 60 land og i alle verdsdelar.

Verda-prosjekta har som målsetjing å skape integrering og eit inkluderande nærmiljø. Gjennom sommarleirar, aktivitetar og prosjekt blir det fokusert på det positive aspektet ved mangfald.

Det første Verda-prosjektet blei arrangert i Bergen i 2002 for barn og ungdom. Sidan den gongen har prosjektet spreidd seg rundt om i landet. Felles for alle Verda-prosjekta er at dei blir drive av frivillige og engasjerte menneske, som er opptatt av å skape inkludering i sitt lokalmiljø.

CISV som organisasjon ønskjer å skape venskap og respekt, og dermed minske framandfrykt og rasisme. CISV nyttar erfaringsbasert læring som metode og fokuserer på læring gjennom leik. Gjennom aktivitetar legg me vekt på samarbeid, dialog og meistring. Me ønskjer å gjere deltakarane våre meir klar over kva mangfald er, og gi dei verktøy til å bli mer opne og medvitne, for sjølv å stille sterkare mot framandfrykt.

14348992_10154459114362310_75693560_n