Snart tilbake!

Hausten 2018 må Søndagsmoro diverre ta ein liten pause då me manglar frivillige til å drive prosjektet, men me kjem sterkt tilbake med nytt program og nye opplevingar våren 2019.

Har du lyst til å bidra? Ta kontakt med Inger Berit, tlf 95705916.

Karneval og casino night 2018

For tredje år på rad arrangerte me nyttårsfest i Litlabø samfunnshus. I år som i fjor var det karneval og casino night med discotek, konkurransar og mange ulike leikar i løpet av kvelden. Tre år betyr tradisjon, så no gler me oss allereie til ny fest neste år! 

Sommarfest i Breivikjo 13. juni

Tradisjonen tru møttest me i Breivikjo til sommarfest. Det blei ei fin avslutning på eit halvår med mange og varierte aktivitetar. Det blei også høve til å ønskje god leir til alle delegasjonane som skulle delta på internasjonale leirar i sommar. Grilling og CISV-aktivitetar stod som alltid på programmet! 🙂 

Søndagsmoro i Hystadmarkjo

I mars var det ein tøff gjeng som trossa vind og sludd og blei med på tur i Hystadmarkjo. Vêret blei stadig betre, og det samme blei stemninga 🙂 Over 60 små og store var samla i Apalvikjo til aktivitetar og sosialt samvær. Sjå bilete!

Teatersport

24. november møttest me på Langeland skule. Kirsti Aksnes, dramalærar frå HSH, kom og hadde teatersport saman med oss. Det blir ein særs underhaldande og morsom ettermiddag!

Tusen takk til Kirsti!

Me fekk Mosaikkprisen 2016!

I helga fann CISV sitt Høstmøte stad i Oslo. Dette er ei samling for alle fylkes- og lokallag i CISV Norge og består av ulike kurs, seminar og fagleg påfyll. Vel 120 deltakarar var til stades. CISV Sunnhordland stilte med ein stor delegasjon på sju personar.

Laurdag kveld var det festmiddag med utdeling av Mosaikkprisen 2016. Prisen går til eit lokallag eller personar som har gjort ein særskilt innsats for lokalmiljøet sitt. I år gjekk prisen til CISV Sunnhordland for prosjektet Verda på Stord.

Søndagsmoro: TV-aksjonen 2016

Søndag 23. oktober gjekk Søndagsmoro med bøsser for årets TV-aksjon som samla inn pengar til Røde Kors under slagordet “Sammen får vi hjelpen helt frem”. CISV hadde fått utdelt ei eiga rode som me fylte med eigne frivillige. Tusen takk til alle CISVarar som kom og gjekk årets viktigaste søndagstur!

Sommarfest i Breivikjo

Onsdag 8. juni var det sommarfest for CISV sine medlemmer og ungdommar frå mottaket på Litlabø. Det var sol og god stemning, med grilling og ulike leikar. Theodor var også så tøff at han bada!

Takk for ein kjekk kveld!

Søndagsmoro: På tur i Gerda-stien

Nær 60 små og store var med på tur i Gerda-stien på Øvre Økland søndag 22. mai. Det var ein kjekk tur i regnet, med ulike oppgåver ein skulle utføre undervegs. Til slutt enda me opp i hagen til Andrea, kor to kjekke damer frå Bygdekvinnelaget hadde laga så mykje lappar me nesten aldri hadde sett før. Til og med hønene fekk smake lappar denne dagen 🙂

Tusen takk for turen, det var ein veldig kjekk dag!

Førebuing til 17. mai

11. mai møttest 34 ungdommar og 5 vaksne for å førebu oss til 17. mai. Me gjekk i tog, leika typiske 17. mai-leikar og starta arbeidet med ny fane til Verda på Stord. Stord ungdomsråd var med og arrangerte, og stilte med tre kjekke representantar.

Sjå bilete frå aktivitetane her!

Søndagsmoro i Skjepåsen

Godt over 60 små og store tok sundagsturen saman i Skjepåsen på vår første Sundagsmoro sundag 24. april. På vegen fekk turgåarane i oppgåve å svare på ulike spørsmål med tema skog og natur. Her måtte ein mellom anna svare på kven som bur i skogen (er det løver på Stord?), kva som veks naturleg (kan ein eigentleg plukke iskrem?) og kva som er lov å gjere ute i naturen (å kaste bos er ikkje greit!).

Spinae-forestilling og battling 14. april

Til saman var me 33 tilskodarar som fekk sjå Spinae-jentene øve til kommande forestilling denne torsdagen. Me var veldig imponerte over kor flinke dei var!

Etter forestillinga fekk me prøve oss på ein av dansane. Det var ikkje lett, likevel var det fleire av gutane som var modige og stod fram og viste kva dei hadde lært så langt.

Makt og magi

Tysdag 16. februar møttest rundt 20 personar i kunsthallen på Stord Kulturhus. Kunstlaget fortalde oss om utstillinga Makt og magi; om likskapar mellom Ringenes Herre og Snorres Kongesagaer.

Me fekk prøve vikinghjelm, halde vikingsverd og prøvesitja ein kongestol. Etter utstillinga leika me “fax machine”.

Tusen takk til kunstlaget for ei kjekk og spanande samling!

Nyttårsfest

28. januar arrangerte me nyttårsfest på Litlabø samfunnshus saman med Stord Bygdekvinnelag. I alt 120 ungdomar og vaksne var med på festen. Bygdekvinnelaget serverte taco og dekka eit fantastisk kakebord.

Me leikte brettspelet “Kaos”. Deltakarane delte seg inn i lag som var blanda med ulike nasjonalitetar, og sprang huset rundt for å finne oppgåver dei kunne løyse, slik at dei fekk trille terningen og komme først i mål.

Aktivitet og konsert

Torsdag 15. oktober var det ny aktivitetskveld med Verda på Stord. Me møttest på Leirvik kl 17. Kompaz kom og hadde aktivitet med oss, det var moro!

Etter aktiviteten gjekk me til Kulturhuset for hip hop-konsert med Kløver og Skarre R i samband med refleksdagen. Det var ein skikkeleg kul konsert, mange fekk seg også bilete med autograf etter konserten.

Sommarfest

16. juni hadde me sommarfest med Verda på Stord og CISV Sunnhordland sine medlemmer. Me var rundt 20 oppmøtte som koste oss med sol, grilling, bading (!) og aktivitetar i regi av juniorgruppa i styret.

Me håpar å sjå alle igjen på samlinga i september 🙂 God sommar!

Verda på Stord 2013

9. og 10. juli hadde me to kjekke aktivitetsdagar med variert program. Den første dagen var me på Nysæter ungdomsskule og hadde ulike leikar, den andre dagen var me på ekskursjon til Sunnhordland museum og hadde aktivitetar der.