18. mars var me nok ein gong klare for tur. Er det slik at sola skin litt ekstra når det er Søndagsmoro? Me var i alle fall heldige med vêret nok ein gong! Etter runden i Gerda-stien inviterte Andrea og Joar til grilling og leik i hagen. Mellom anna hadde me ein triveleg aktivitet der barna skulle fylle ut namn, alder, favorittfarge, favorittmat, draumeyrke og kva superkraft dei skulle ønske at dei hadde. Svara hang me på ei lang line slik at alle kunne lese og sjå både mangfald og likskapar. Det var god stemning og me hadde ein fin søndag saman på Øvre Økland.