Juleverkstad
25 små og store hadde ei triveleg stund på Langeland skule ein søndag i førjulstida. Det blei produsert filthjarte, julekort og diverse anna julepynt. No kan jula berre komme 🙂
25 små og store hadde ei triveleg stund på Langeland skule ein søndag i førjulstida. Det blei produsert filthjarte, julekort og diverse anna julepynt. No kan jula berre komme 🙂
I slutten av november møttest me for å dekorere pepperkakehus til Pepperkakebyen på Stord. Det blei ei flott samling hus og eit fargerikt og fint bidrag til byen. Me håpar mange tek turen innom Pepperkakebyen i Borggata og ser kva me laga 🙂
19. november var me tilbake i Skjepåsen for grilling og leik i sola. Takk for ein fin tur!
I år som i fjor deltok CISV som bøssebærarar under TV-aksjonen. CISV hadde ansvar for utdeling av bøsser og roder på Nordbygdo, og stilte med mange, kjekke bøssebærarar.
Tusen takk til alle medlemmer som deltok denne dagen!
Det blei ei flott feiring av fredsdagen torsdag 21. september! 9 lag trossa regn og deltok i ei sportsleg tevling på Torget på Leirvik for å markere FNs internasjonale dag for fred. Tenk at me har så mange flotte lag og organisasjonar som engasjerer seg!
Haustens første Søndagsmoro gjekk til Hauglandskvedno i strålande solskinn. På turen inn fekk me ulike oppgåver me skulle løyse, og då me kom fram fekk me premie og spelte kubb 🙂 Me skreiv oss også inn i turboka.
Tusen takk for ein kjekk tur ilag!
31. august var Kompaz på Stord og hadde aktivitetskveld for CISV Sunnhordland. Oppmøtet var ikkje det største, men stemninga var det ingenting å seie på!
Interchange er eit av CISV sine internasjonale program. I sommar deltok ein delegasjon frå Sunnhordland på Interchange med Bulgaria. I løpet av tida dei var i Norge, arrangerte CISV Sunnhordland to aktivitetsdagar gjennom Verda på Stord. Me hadde det moro i lag!
Tradisjonen tru møttest me i Breivikjo til sommarfest. Det blei ei fin avslutning på eit halvår med mange og varierte aktivitetar. Det blei også høve til å ønskje god leir til alle delegasjonane som skulle delta på internasjonale leirar i sommar. Grilling og CISV-aktivitetar stod som alltid på programmet! 🙂
28. mai var det nok ein kjekk tur med Søndagsmoro. Vêret var på vår side, og me fekk ein fantastisk flott tur i sol og varme. Me avslutta med kaffi og leik, kubb og krokett i hagen til Andrea.
Sjå bilete frå ein flott tur!
CISV Sunnhordland deltok i Borgartoget på Leirvik under to faner: “Saman for fred” og “Verda på Stord”. Mange av medlemmene våre og ein god gjeng frå mottaket på Litlabø gjekk saman. Ei flott feiring av mangfald!
Som oppvarming til 17. mai, hadde me uteleikar og forskjellige konkurransar i tradisjonell stil. Her var det både stafettar og sekkeløp, for å nemne noko. Pause med is høyrte naturleg nok med 🙂
Sjå bilete.
I sol og fint aprilvêr besøkte omlag 120 små og store Førland gard med CISV Søndagsmoro 30. april.
Sjå kjekke bilete frå ein flott dag!
20. april var det foreldremøte for alle som har barn som skal delta på internasjonale leirar i sommar. Samstundes var det aktivitet for barn og unge i alderen 10-16 år. Me leikte ulike CISV-leikar og hadde det kjekt i lag 🙂
I mars var det ein tøff gjeng som trossa vind og sludd og blei med på tur i Hystadmarkjo. Vêret blei stadig betre, og det samme blei stemninga 🙂 Over 60 små og store var samla i Apalvikjo til aktivitetar og sosialt samvær. Sjå bilete!
23. februar inviterte me til karneval og casino night på Litlabø samfunnshus. Med over 70 betalande inn og mange kjekke aktivitetar, blei det ein riktig god fest!
Les meir og sjå bilete her.
I februar var me tilbake i Skjepåsen på tur. Nærare 100 små og store var med oss denne gongen. Me grilla pølser og hadde ei aktivtetsløype for barna. Sjå bilete!
22. januar var me i gong igjen! Me hadde aktivitetsløype og grilling på Lundarstøl. Tusen takk for ein kjekk turdag!
Velkommen med på neste Søndagsmoro 19. februar i Skjepåsen.