Verda på Stord arrangerte to juleverkstadar i desember.
Tysdag 13.12 inviterte me alle medlemmer i CISV Sunnhordland samt ungdommar i alderen 10-16 år frå dei to asylmottaka til juleverkstad på Langeland skule. Som tidlegare år var det god stemning og god produksjon av kreative dekorasjonar. Laging av dorullnissar, eller rettare sagt dorullnissehuer, var ein populær aktivitet 🙂
Søndag 18.12 inviterte me familiane i Søndagsmoro til eit liknande arrangement. Her var det honninglys og snøkrystallar av glitter som var mest populært – i tillegg til den kjende juledekoren papirfly 😉
Begge dagar vart det servert graut med mandel, og heldige vinnarar kunne hente sjokoladenissar i premie.
Det var kjekke samlingar! No ønskjer me alle god jul og ferie, og gler oss til å møtast att på nyåret.