Søndagsmoro: Sol, pølser og marshmallows
I strålande solskin møttest familiar frå ulike nasjonar til leik og grilling på Lundarstøl. Det var ein riktig triveleg søndagstur!
Sjå bilete frå turen.
I strålande solskin møttest familiar frå ulike nasjonar til leik og grilling på Lundarstøl. Det var ein riktig triveleg søndagstur!
Sjå bilete frå turen.
24. november møttest me på Langeland skule. Kirsti Aksnes, dramalærar frå HSH, kom og hadde teatersport saman med oss. Det blir ein særs underhaldande og morsom ettermiddag!
Tusen takk til Kirsti!
I helga fann CISV sitt Høstmøte stad i Oslo. Dette er ei samling for alle fylkes- og lokallag i CISV Norge og består av ulike kurs, seminar og fagleg påfyll. Vel 120 deltakarar var til stades. CISV Sunnhordland stilte med ein stor delegasjon på sju personar.
Laurdag kveld var det festmiddag med utdeling av Mosaikkprisen 2016. Prisen går til eit lokallag eller personar som har gjort ein særskilt innsats for lokalmiljøet sitt. I år gjekk prisen til CISV Sunnhordland for prosjektet Verda på Stord.